…..som ikkje vart Mosvatnet rundt. Det satte snøtilhøva ein effektiv stoppar for. Løpet vart i staden lagt til ei omlag 5 km lang sløyfe med utgongspunkt i lysløypa.

Deltakelsen var stor i år, i eit renn der oppgjeret om vandrepokalen i herreklassen vart mellom nokre av førehandsfavorittane.

52 løparar tilsaman stod klare da starten gjekk i årets løp. Jon Inge Vetrhus (Suldal IL) og Roy Kaldheim (Korlevoll IL) gjekk tidleg i løpet frå i tet. Dei bytta på å dra dei fire rundane,  men på siste runden var det ikkje noko tvil. Jon Inge dro ifrå og sikra seg eit napp i vandrepokalen. Roy gjekk inn til ein klar 2. plass.

Det var like klart at det var Stig Morten Nerheim (Suldal IL) og Gerhard Steines (Vindafjord IL) som skulle kjempe om tredjeplassen. Her var det til slutt Stig Morten som kom først over mål.

I dameklassen stillte to spreke damer til start. Kristin Sandvik Halgunset (Erfjord IL) slo Ingebjørg Vik Laugaland (Hjelmeland IL) og fekk dermed eit napp  i vandrepokalen.

I tillegg til dei som stillte til start var det over 50 deltakarar i trimklassen. Dei fekk seg ein fin skitur i lett snøvær og fine løyper.

Resultatlista finn du under ski/sesong 2009/2010 eller her